Emner: TEAT112 Moderne teaterhistorie - Vår 2019
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i moderne europeisk teaterhistorie frå slutten av 1700-talet og fram til nåtida.
Gjennom emnet skal studenten få kunnskapar om den moderne skodespelarkunsten si utvikling, regikunsten, teaterbygningane og scenografiens si funksjon i moderne teater. Studenten skal òg få forståing for dei samfunnsmessige kontekstane til moderne europeisk teater.
Gjennom emnet skal studenten få forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.
Emnet inneheld òg ei innføring i teatervitskapeleg oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om moderne teaterhistorie.
- gode kunnskapar om skodespelarkunst, scenografi, og regikunst i nyare europeisk teater.
- forståing for samanhengar og utviklingslinjer i moderne europeisk teaterhistorie
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei god skriftleg utgreiing om emne innan moderne europeisk teaterhistorie.
- skildre eit teaterfenomen i samtida i lyset av moderne teaterhistorie.
- Gi ein enkel utgreiing om eit avgrensa fenomen innanfor moderne skodespelarkunst, scenografi eller regikunst.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- tileigne seg ny kunnskap gjennom studia av moderne teaterhistorie og teater i samtida.
- reflektere over samanhengen mellom teaterhistoria og teater i samtida.
- reflektere over estetiske, historiske og politiske aspektar ved samtidas teater.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
TEAT115 overlapper med TEAT114
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg. Det vil òg vere eit obligatorisk innføringskurs i oppgåveskriving. I samband med dette skal studenten skrive ei øvingsoppgåve og møte til individuell rettleiing av øvingsoppgåva, jf. obligatoriske arbeidskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Studentane skal gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:
1) Delta på innføringskurs i oppgåveskriving.
2) Levere inn ei øvingsoppgåve.
3) Møte til rettleiing av øvingsoppgåve.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen og ein justerande munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
A - F.
Vurderingssemester
Vår. Det er óg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav
Litteraturliste
Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no