Emner: TEAT115 Framsyningsanalyse og teaterkritikk - Høst 2019



Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gi studenten ei grunnleggande og systematisk forståing av framsyningsanalyse og teaterkritikk i historisk og samtidig kontekst. Hovudvekta vil ligge på teaterframsyningar, men ein vil òg kunne sjå på andre performative uttrykksformer.

Emnet har to delar. Den første delen inneheld ei innføring i teori og metode knytt til akademisk framsyningsanalyse. Den andre delen inneheld ei innføring i kritikken si historie og praksis med vekt på profesjonsutøving og kritikken sin retorikk.

Studenten skal i løpet av semesteret skrive ei rettleia framsyningsanalyse og et rettleia teaterkritikk.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

 

Generell kompetanse

Etter fullført eksamen kan studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar og rettleiing. Studenten skal skrive to mappeoppgåver i respektiv framsyningsanalyse og teaterkritikk. Begge oppgåver skal leverast rettleiar til tidspunkt fastsatt i byrjing av semesteret. Ved endeleg innlevering skal kvar mappeoppgåve vere på om lag 2000 ord.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av den regulære undervisninga.

Studentane skal gjennomføre fire obligatoriske aktivitetar:

1) Levere inn framsyningsanalyse til rettleiing.

2) Møte til rettleiing av framsyningsanalyse.

3) Levere inn teaterkritikk til rettleiing.

4) Møte til rettleiing av teaterkritikk.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Studenten skal levere to skriftlege oppgåver, ein teaterkritikk og ei førestillingsanalyse, i løpet av semesteret. Teaterkritikken skal leverast til ein fastsett dato i midten av semesteret. Oppgåva skal ha eit omfang på omtrent 1000 ord. Framsyningsanalysen skal ha eit omfang på omtrent 2000 ord og skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret. Mappa vil få ein samla karakter og begge oppgåvene blir vekta 50% i vurderinga.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A¿F.

Vurderingssemester

Vår. Det er óg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste

Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for BAHF-TEAT

Emneansvarleg

Fagmiljøet i teatervitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium