Norsk
Dette er eit vidtfemnande emne som har som mål å gi studenten kunnskap om, og røynsle med, konsept- og idéutvikling innanfor ulike faktasjangrar. Emnet har tre modular.
Modul 1: Fleirkameraproduksjon.
Dette er ein praktisk retta modul som kan ha noko ulikt innhald frå semester til semester, men som på generelt grunnlag skal auke studentanes tekniske og produksjonsmessige kompetanse innan fleirkameraproduksjon.
Modul 2: Forskingsformidling/oppdragsfilm
Studentane skal få erfaring med korleis ein arbeider med korte informasjonsfilmar, frå research til idéutvikling til spissing av bodskap, til visuelt uttrykk. Oppdraga kan variere frå semester til semester, og vil typisk inkludere eigne øvingar som er relevante for dei konkrete produksjonane studentane skal lage, slik som grafikk og lydetterarbeid.
Modul 3: Minidokumentar
Studenten skal produsere ein minidokumentar på 10-12 minutt.
I forkant av produksjonen følgjer studentane akademiske førelesingar med tilhøyrande filmvisingar som gir innsikt i dokumentariske tradisjonar og konvensjonar for film og tv, samt i etiske problemstillingar knytt til verkelegheitsframstillingar. Desse førelesingane blir supplerte med gjesteførelesingar og seminar med representantar frå medieklynga som tek utgangspunkt arbeidet deira med ulike typar faktaproduksjonar. Praksislærar gir studenten kunnskap om manusskriving for dokumentarfilm, og om planlegging og praktisk gjennomføring.
Som del av førebuinga skal studentane også delta i ein stup-og-skyt-workshop, som øver opp ferdigheitene i å fange karakterar og situasjonar i dokumentarsamanheng.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Studentane skal vurdere kvarandre sine arbeid, i samråd og samarbeid med fagleg stab.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Gyldige obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Ein praktisk deleksamen:
Ein teoretisk deleksamen:
Institutt for informasjons- og medievitskap