Emner: TYS251 Fordypning i tysk språk med semesteroppgave - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i to eller tre tema innan tysk språk/språkvitskap og/eller fagdidaktikk i eit språklæringsperspektiv. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff. Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid og anna kunnskap dei treng for å arbeide med bacheloroppgåva, t. d. biblioteksressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

Ferdigheiter
Studenten

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at studentane har teke TYS105, TYS106, TYS107, TYS115, TYS116, SEK100 eller har tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS251 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS251L.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga skjer i form av forelesingar

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To rettleiingar av oppgåva.

I løpet av semesteret skal studentane òg halde to munnlege presentasjonar på om lag 10 minutt.

Studentane vel tema i samråd med faglærar. Presentasjonane må vere godkjende av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 

Eksamen er ei rettleidd oppgåve og ein justerande munnleg eksamen.

Oppgåva skal skrivast på tysk med to obligatoriske rettleiingar i løpet av semesteret, vere på ca. 5000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Arbeidet med oppgåva skal ta til etter ca. åtte undervisningsveker, og rettleiingane blir avtalt med faglæraren.

Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) blir arrangert etter skriftleg sensur, er knytt til både oppgåva og pensum i emnet og kan justere karakteren på oppgåva ein karakter opp eller ned.

Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidd semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer ca. 350 sider, fordelte på to eller tre tema.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no