Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk.
Oppgåva skal vise at studenten er godt orientert i forskinga på det området han/ho har valt, og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein fagleg tilfredsstillande måte.
Kunnskap:
Kandidaten
Dugleik:
Studenten
Grunnkompetanse:
Studenten
Studenten vel tema for masteroppgåva i samråd med faglærar så tidleg som mogleg i andre semester. Instituttet legg til rette for at mastergradsstudentane kan leggje fram prosjektskisse/forarbeid eller deler av masteroppgåva på instituttseminar.
Studenten har rett til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt, som gjer greie for rettar og plikter, skal underskrivast av student, rettleiar og instituttleiar, normalt i byrjinga av det andre semesteret.
Mastergradseksamen kan avleggjast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Vurderinga skjer på grunnlag av masteroppgåva og ein justerande munnleg eksamen som normalt skal avviklast seinast tre veker etter innleveringa av masteroppgåva.
Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere på mellom 70 og 110 sider med vanleg skriftstorleik (12 Punkt), halvannan linjeavstand og vanlege margar.
Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) skal ha tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren ein karakter opp eller ned.
Ein student har, etter søknad, høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag i fall oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Jf. Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet.