Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet tysk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Tilrettelegging for læring
Studentane skal:
- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag
- kunne lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i tyskfaget
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet
Forelesing: 2 timar per veke i 6 veker
Seminar: 2 timar per veke i 2 veker
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
For å kunne gå opp til eksamen må studentane munnleg og skriftleg ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg som inkluderer utforsking av digitale verktøy og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori.
Teksten skal skrivast på tysk og ha eit omfang på om lag 1000 ord, ikkje medrekna litteraturliste, plan for undervisningsopplegget, eventuelle digitale filer og andre vedlegg.
Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen på tysk med utgangspunkt i diskusjonar kring det obligatoriske arbeidskravet og pensumlitteraturen.
Nærare retningsliner for oppgåvene vert gitt i studiet.
Pensum utgjer omlag 350 sider av normal vanskegrad.
Faglæraren gir framlegg til spesifisert pensumliste i emnet.