Emner: DIDAFIL1 Filosofididaktikk 1 - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

7.5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

DIDAFIL 1 skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i filosofiens fagdidaktikk. Eit sentralt tema er samanhengen mellom metafilosofiske problemstillingar (¿kva er filosofi?¿), institusjonelle tilhøve (¿kva plass har filosofi i skulen?¿) og metodiske spørsmål (¿korleis undervisa filosofi?¿).

Emnet skal gje studentane innsikt i læreplanverket, særleg læreplanane for programfaget ¿Historie og filosofi¿ (vidaregåande skule), men òg i faga ¿Religion, livssyn og etikk¿ (grunnskulen) og ¿Religion og etikk¿ (vidaregåande skule).

Drøfting av tilhøvet mellom filosofi som kulturfenomen (filosofihistorie), som temafelt (filosofiske disiplinar) og som metode (kritisk tenkning) er sentralt. Studentane skal kjenne til ulike undervisningsmetodar og utvikla forståing av samanhengen mellom form (undervisningsmetode) og innhald i undervisninga.

DIDAFIL 1 legg særleg vekt på munnlege ferdigheiter og undervisningsmetodar (filosofisk samtale).

Emnet skal gje grunnlag for sjølvstendig planlegging, grunngjeving, gjennomføring og vurdering av undervisning i filosofi. Studiet tar sikte på å auke studentanes kompetanse når det gjeld å gjennomføre, vurdere og vidareutvikle eigne dugleikar i forhold til så vel klasseundervisning som individuell rettleiing.

Undervisninga i emnet skal førebu studentane til praksis i skulen, og gje rom for refleksjon over praksiserfaringar.

Læringsutbyte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Fullført emne inngår som del av den formelle kvalifikasjonen til undervisningsstillingar i skulen.

Krav til forkunnskapar

Emnet bygger på ein bachelorgrad der filosofi, idéhistorie eller ein kombinasjon av filosofi og idéhistorie inngår med minst 60 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

For å få tilgang til emnet må studenten være tatt opp ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: 2 timar per veke i 7 veker, totalt 14 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa skal innehalda minst to tekstar inkludert eit refleksjonsnotat på til saman ca 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. I vurderinga tel refleksjonsnotatet om lag 1/3 og den/dei andre tekstane om lag 2/3 for den endelege karakteren. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensumet er samansett av innføringsverk og/eller artiklar som tek føre seg ulike sider ved emnet. Omfanget er på ca. 375 sider.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no