Emner: DIDANORAN1 Fagdidaktikk i norsk som andrespråk for PPU 1 - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor eller master.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk inngår som ein del av universitetet si norsklærarutdanning.

Emnet skal gje ei innføring i norsk fagdidaktikk for studentar med norsk som andrespråk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1) Norskfagleg innhald, kunnskap og læring i ein andrespråkskontekst

2) Språklæring og språkutvikling for elevar med ulik kulturell og språkleg bakgrunn

3) Tekstforståing og tekstskaping i ein andrespråkskontekst

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

-har kunnskap om eit breitt register av strategiar for å fremje språkkompetansen og kulturkompetansen hjå elevar med norsk som andrespråk

-har brei norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på den vidaregåande skulen

-har kunnskap om læreplanar og kan grunngje målsetnader i faget i eit kultur- og danningsperspektiv

-Har kunnskap om og innsikt i læringsprosessar knytt til tospråklegheit, mellomspråk og samanhengar mellom kulturbakgrunn og tekstkompetanse

Ferdigheiter

Studenten

-Kan planlegge, gjennomføre, reflektere og vurdere eiga undervisning

-Kan diskutere korleis tospråklegheit og ulike forhold til skriftkultur i ei fleirkulturell elevgruppe kan påverke arbeid i norskfaget

-Kan skape vilkår for å utvikle ein klasseromskultur som fremjar læring, utforsking og utvikling hjå elevane

-Kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk som andrespråk

-Kan gi læringsfremjande rettleiing og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar

Generell kompetanse

Studenten

-Kan formidle norsk som andrespråksproblemstillingar på eit høgt nivå

-Kan reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

-Kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 sp i norsk som andrespråk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og dugleikar i begge dei norske målformene.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert gjeve minst 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar, og av desse er om lag 4 timar fellesundervisning i språkdidaktikk.

Rettleiing og skulebesøk

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Får å kunne gå opp til eksamen i DIDANORAN1 må studenten ha fått godkjent utkast til mappeoppgåve.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

¿ Mappevurdering med to tekstar: til saman ca. 20 000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa innan 1. september. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, blir rett og god språkføring vektlagd. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum tilsvarar ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no