Emner: DIDAPSYK1B Fordypningsemne i psykologi fagdidaktikk - Høst 2019




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

 Emnet skal gi kunnskap om sentrale psykologiske emner. Det skal videre gi studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige programfag i vidaregåande opplæring.

Læraren sine faglege og fagdidaktiske kunnskapar vil difor ha avgjerande relevans for eleven sin forståing av psykologi som fagfelt. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing for menneskeleg framferd, oppleving og samhandling.

Desse hovudtemaa vil bli vektlagt:

Ut frå desse hovudtemaa vil følgjande tema bli vektlagt:

 

Læringsutbyte

Læraren og eleven

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader

utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier

Kunnskap:

kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen

ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn

ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag

Generell kompetanse:

kunne kritisk vurdere og nytte bruk av IKT i psykologiundervisninga

 

Læraren og skulen

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid

Kunnskap:

ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar

Generell kompetanse:

utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid

 

Læraren og samfunnet

Studenten skal:

Generell kompetanse:

kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i forhold til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar

kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen overfor elevar, foreldre, kollegaer og andre

kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til økt innsyn i samfunnet si tilrettelegging av born og unge sine oppvekstforhold

utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål

Krav til forkunnskapar

Fordjuping i psykologi fagdidaktikk (DIDAPSYK1b) bygger på ei bachelorgrad med eit faggrunnlag i psykologi som tilsvarar minst 60 studiepoeng innan psykologi.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Praktisk pedagogisk utdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir organisert i førelesingar/ seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing.

Omfang på førelesingar og seminar:

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

 

Vurderingsformer

Mappeeksamen

Karakterskala

Eksamensmappa vurderast med graderte karakterar frå A-F.

Litteraturliste

Pensum er på ca 700 sider (der 600 sider er obligatoriske og 150 sider kan veljast fritt i tilknyting til mappeeksamen). Studentane forventes å gjere seg kjent med ulike søkjeportalar og sjølv finne fram til pensumartiklar som ligg på Internett.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

post@psypp.uib.no

Institutt