Emner: DIKULT101 Formidling i digitale medium - Høst 2019




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Norsk. Nokre forelesingar kan vere på engelsk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet er Digital kultur sitt eige introduksjonskurs. Emnet vender seg spesielt til nye studentar som er tekne opp til bachelorstudiet, men kan òg takast av andre studentar. I dette emnet blir studentane kjende med lærarane på Digital kultur, som medverkar i undervisninga og presenterer sine spesialområder i samband med emnets overordna tema. Emnet fungerer òg som eit fagleg-sosialt samlingspunkt for dei nyopptekne studentar. Det introduserer Digital kultur som eit akademisk fag, der mykje av aktiviteten er lesing, forståing, vurdering og skriving av ulike former for tekst (i vid forstand).

Emnet har to sider. På den eine sida undersøkjer vi ulike digitale tekstsjangrar som t.d. blogg, tweet, foruminnlegg wiki, nettavisartiklar, heimesidetekstar, blandingsformer med bruk av ulike medium som bilete, video og lyd. Her ser vi på korleis desse vert brukte (og kan brukast) til å formidle meining, kva deira styrke og grenser er. Vi ser òg på etiske og retoriske aspekt og konsekvensar av dei einskilde tekst- og mediesjangrane.

På den andre sida får studentane trening i å nytte den akademiske skrivesjangeren som Digital kultur nyttar for å formidle kunnskapen som er vunnen ved å reflektere om dei nemnde primære tekstsjangrane. Studentane vil få ei innføring i formelle og innhaldsmessige rammer for akademisk skriving, som hensiktsmessig og redeleg bruk av sitat, illustrasjonar, bibliografi, samt passande språknivå og god argumentasjonsstruktur.

Ferdigheiten å kunne identifisere og bruke ulike sjangrar på den eine sida, og å kunne uttrykkje seg akademisk rundt desse på den andre sida, er eit grunnleggjande trekk i Digital kultur som studentane vil møte att i dei fleste av spesialiseringsemna. Desse emna byggjer på kunnskapen og ferdigheiten frå dette introduksjonskurset, og dei gir vidareførande trening i skriving. Til dømes kjem sjangerforståinga att i Dikult103, og akademisk analyse i Dikult105. 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Overlapp til EXFAC00AS - Examen facultatum, Akademisk skriving med 10 studiepoeng.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det er tretten førelesningar i semesteret. I tillegg kjem løysing av oppgåver i grupper. Undervisninga vert gitt av fleire lærarar på Digital kultur. Forelesingsplanen er klar og nedlastbar på Mitt UiB ved semesterstart.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 33 før undervisninga tek til.

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og heimeeksamen, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Normalt er det ei studieveke der det er inga undervisning eller arrangement.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Studenten må levere ei oppgåve på omlag 500 ord om eit gitt tema til ei fastsett tid. Oppgåva må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan ta eksamen. Oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon, sitering og illustrering. Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva i god tid før eksamen. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.  

Vurderingsformer

Fem dagars heimeeksamen på om lag 3000 ord. Datoane for utlevering av problemstillinga og innleveringsdato vert kunngjorde før semesterstart.   

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A til F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB. 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Ein nyttar både praktiske primære kjelder frå digitale plattformer og teoretiske artiklar og bøker rundt tekst- og sjangerforståing, og rundt akademisk skriving. Ein del av desse artiklane er tekne frå artikkelsamlinga som er vald for Digital kultur.

Ein del av materialet er forfatta av lærarane og vert gjort tilgjengeleg på Mitt UiB etter kvart gjennom semesteret. Ein del materiale blir dagsaktuelle døme frå digitale medium, som t.d. blogginnlegg, og vert annonserte etter kvart som dei einskilde lærarane treng desse i si undervisning. Vi forventar at studentane aktivt supplerer obligatorisk og tilrådd lesing med relevant materiale dei finn fram sjølve, at dei set ressursane i samanheng og bruker desse aktivt i førebuingane til undervisning og eksamen.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret i digital kultur har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon