Emner: DIKULT203 Elektronisk litteratur - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk ved behov

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Elektronisk litteratur er skjønnlitteratur laga for datamaskina og Internett. Elektronisk litteratur fokuserer på språkkunst og poetikk, men har forbindingar til andre former for digital kultur som digital kunst og dataspel. I dette emnet vil studentane lese elektronisk litteratur som t.d. hypertekstfiksjon, digital poesi og teksteventyrspill ("interactive fiction¿). Studentane vil òg studere teoretiske tekstar om og tolkingar av elektronisk litteratur.

 

Kreativ praksis er ein viktig del av emnet, og alle studentane vil delta i eit kollaborativt, elektronisk litterært verk kor ein anten skapar ein nettstad eller liknande frå botnen av eller modifiserer eit eksisterande verk ved å redigere programkode, tekst og bilete. Ein vil få undervisning i nødvendige tekniske ferdigheitar. Studentane vil òg få praktisk trening i å analysere elektronisk litteratur. Ein vil særleg diskutere korleis element som er vanlege i elektronisk litteratur, så som bilete, rørsle, tid og rom og interaktivitet verkar inn på teksterfaringa og lesarerfaringa, og korleis dette også problematiserer vår forståing av tradisjonell forteljing og lyrikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Dikult103, Dikult105, Dikult205.

Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gitt undervisning i 13 av semesterets veker i form av 13 førelesningar og 12 lab-sesjonar. I tillegg får den enkelte student ei rettleiing i forbindelse med semesteroppgåva.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 33 før undervisninga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, då forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt lekser.

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og heimeeksamen, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesing og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Dersom det melder seg færre enn fem studentar til kurset vil instituttet redusere undervisninga, sjå instituttet sine generelle retningslinjer. Studentane vil i så tilfelle bli varsla om dette før siste frist for oppmelding som er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane har delteke i minst 75% av undervisninga og læringsaktivitetane elles. Emneansvarlig står som godkjennar av nødvendig deltaking.

Som ein del av undervisningsaktivitetane vil det bli gitt korte, kreative prosjekt i løpet av kurset og nokre bloggliknande kritiske skriveoppgåver slik det føreligg i pensumplanen. Desse er meint å skulle auke studenten si forståing av elektronisk litteratur gjennom kreativ og kritisk praksis og førebu dei til eit sluttprosjekt eller den endelege oppgåva.

Den skriftlege oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering (jf. skrivetreninga tileigna på DIKULT101 og på 100-nivået).

Dei obligatoriske oppgåvene (kollaborativt arbeid, presentasjonen og den skriftelege skildringa) må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan gå opp til eksamen. Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva i god tid før eksamen. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, som kan vere:

eller

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A - F.
Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Læremidla vil vere ein kombinasjon av elektronisk litteratur og teoretiske tekstar rundt desse verka og rundt elektronisk litteratur generelt. Tekstane inkluderer bøker, artiklar og diverse nettressursar.

Den elektroniske litteraturen (verka) er tilgjengeleg på nett eller installert i Digital kultur sin datalab.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no