Dette emnet set søkjeljoset på retorikk, estetikk og hermeneutikk i nye digitale medium som til dømes hypertekst, simuleringssystem, dataspel, fleirbrukarforum, og digitale kunstverk.
Gjennom utforsking og lesing av digitale verk skal studentane utvikle teoretiske og kritiske perspektiv på medieutviklinga, på ulike førestellingar om ein digital medierevolusjon, og på den eller dei rollene som teknologien spelar i den mediekulturelle utviklinga. Tema som datakunst, teknologiske visjonar og praksis, digital litteratur, virtuell røyndom og dataspel blir granska og tolka ved hjelp av ulike teoriar innan humaniora.
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om:
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i Digital kultur.
Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Undervisninga går over tolv veker. Det er eitt seminar på tre timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Studenten skal i løpet av semesteret levere to korte skriftlege oppgåver. Dei obligatoriske oppgåvene er anten godkjende eller ikkje godkjende.
Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Ph.d.-kandidatar får karakteren bestått/ikkje bestått.
Studentane skal lese eit omfattande felles pensum (tilsvarande mellom 500 til 1000 sider) av bøker, artiklar, nettbaserte tekstar og materiale og digitale artefaktar. Studentane må vere førebudde på å lese lengre tekstar.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.
I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no