Emner: FARM131 Organisk syntese og analyse - Høst 2019




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (fargekode:raud). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil omfatte syntese av organiske sambindingar med bruk av mikro- og halvmikroutstyr. Syntesane skal vise korleis organiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd så som organisk fin kjemi og farmasøytisk kjemi, innan tilgrensa fagområde som biologi, geologi, og medisin. Kurset vil gje ei enkel innføring i analytisk organisk kjemi ved bruk av kvalitative analyser og instrumentelle metodar med vekt på spektroskopi. Prinsipp for nokre metodar for stukturanalyse av organiske sambindingar vil bli gjennomgått. Omfattande laboratorie-arbeid med moderne syntetiske reaksjonar og analytiske metodar vil illustrere kva organisk kjemi betyr for samfunnet. Det blir fokusert på metodar innan ¿grøn kjem¿, dvs. korleis ei kan gjera kjemisk syntese på ei miljøvenleg måte.

Læringsutbyte

Etter fullført emne FARM131 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

KJEM110/FARM110.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130/FARM130. Kurset KJEM131/FARM131 er basert på at studentane har kunnskapar i organisk kjemi som tilsvarar nivå frå KJEM130/FARM130.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs m/journal (del av mappeevalueringa).Gjennomførte obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester. 

Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

 

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen , 4 timar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K103: 5stp. K234: 5stp. K234A: 5stp. KJEM131: 10stp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidligere emneevalueringar:

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.