Emner: FIL129 Filosofiske klassikere - Høst 2019




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

FIL129 skal gi studentane høve til fordjuping i eit sentralt verk frå europeisk filosofi i perioden frå antikken fram til 1900-tallet. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha særs god kjennskap til det utvalde verket. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i dette verket.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

For studentar som har tatt eitt av emna FIL122, FIL123, FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) eller FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon) kan det være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 2000 og 4000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no