Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
FIL129 skal gi studentane høve til fordjuping i eit sentralt verk frå europeisk filosofi i perioden frå antikken fram til 1900-tallet. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha særs god kjennskap til det utvalde verket. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i dette verket.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Studentane skal levere utkast til skriftleg svar på to oppgåver til faglærers kommentering i læringsmappa innan dei fristane faglærer set.
Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Svara på begge oppgåvene skal være på 900-1200 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Mappa vert vurdert heilheitleg, men i vektinga av endeleg karakter tel kvar oppgåve 50%
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Haust.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Pensum er utvalde filosofiske originaltekstar med kommentarlitteratur.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no