Filosofi har til alle tider vore opptatt av kva for ei rolle språket speler for kunnskap, for grunngjeving og for korleis vi oppfattar verda ikring oss. I nyare tid har spørsmål om språkleg meining og referanse og om tilhøvet mellom språk, omgrep, logikk, tenkning, erfaring og røynsle vore sentrale. Sidan forrige hundreåret har mange også sett språkleg analyse som filosofiens grunnleggjande metode. Derfor er det naudsynt å ha kjennskap til moderne språkfilosofi for å kunne orientere seg i samtidsfilosofien.
FIL345 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i språkfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor språkfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i moderne språkfilosofi.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan språkfilosofi i ulike samanhengar.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar skal supplere med eit særpensum.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no