Haust
Emnet tek for seg nokre sentrale litterære tekstar frå det 17. hundreåret og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar spesielt gjennom øving i litterær analyse, men òg på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.
I studiet av tekstane vert merksemda i særleg grad retta mot dei litterære og språklege verkemidla, men òg korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
Dugleik
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.
Studentane bør ta vår-emnet FRAN122 før haustemnet FRAN123.
Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva, samt ei stutt innføring i bruk av databasert læringsprogram for sjølvstudium. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.
Om lag 4 til 6 timar undervisning per veke i 8 veker.
Ved semesterstart vert det gjeve intensiv undervisning i emnet i 2 veker, så følgjer ein undervisningspause samstundes som emnet FRAN124 gjev eit 7 vekers studieopphald i Frankrike, og deretter vert det gjeve undervisning att i 6 veker fram til eksamen.
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av forelesningane for å få gå opp til vurdering i emnet.
I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1000 ord). Oppgåva vert delt ut rett etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag/nettet.
Tekstpensum:
Det 17. hundreåret: 1 drama
Det 18. hundreåret: 1 roman
Det 19. hundreåret: 1 roman
Det 20. hundreåret: 3-4 romanar/2-3 romanar og 1 drama (minst eitt verk frå frankofone område utanfor Frankrike)
Det 21. hundreåret: 1 roman
Eit utval eldre og nyare lyrikk.
Bakgrunnsstoff:
Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 20. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesning i litterær teori.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.