Emner: GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi - Vår 2019
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gi innsikt i Jordas økosystem og biologiske mangfald, samt dei viktigaste fysiske og kjemiske prosessar som verker i atmosfæren og havet over ulike tidsskalaer. Studentane skal bli kjent med grunnleggjande prinsipp innan biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi, og vere i stand til å greie ut om samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære.
Innhald
Første del av emnet tar for seg biogeografiske forhold, der det blir gitt ei innføring i økologisk teori med fokus på å forstå dei miljømessige vilkåra for fordelinga av biom på Jorda. Tema knytt til meteorologi, klima og oseanografi vil deretter bli gjennomgått i meir detalj, med fokus på å forstå samspelet mellom hav og atmosfære. I tillegg vil mennesket sin påverknad på Jordas klima, hav og økosystem bli diskutert. Emnet inkluderer obligatoriske seminar i meteorologi, klimatologi og oseanografi og ein dagsekskursjon knytt til den biogeografiske delen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om den romlege fordelinga av biogeografiske soner og biom i eit globalt, regionalt og lokalt perspektiv
- har brei kunnskap om globale atmosfæriske og klimatologiske prosessar, og korleis dei påverkar fordelinga av klimasoner på Jorda
- har brei kunnskap om globale oseanografiske prosessar og korleis dei påverkar regionale og lokale klimatiske forhold
- har ei integrert forståing av det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
Ferdigheter
Studenten
- kan kjenne att biom som fins i Skandinavia og Norge, og forklare korleis desse reflekterer globale biogeografiske mønster
- kjenner Köppens klassifikasjonssystem for klimasoner og kan nytte dette i praksis
- kan lese og tolke vêrkart, og ut frå dette vurdere korleis lokale vêrforhold heng saman med storskala atmosfærisk sirkulasjon
- kan forklare forskjellen mellom vêr og klima, samt greie ut om dei viktigaste kjeldene til interne svingingar i klimasystemet knytt til samspelet mellom atmosfære og hav
Generell kompetanse
Studenten
- har oversikt over og kan bruke eit presist fagspråk knytt til biogeografi, meteorologi, klima og oseanografi
- kan gjere kritiske refleksjonar rundt mennesket si rolle i globale klimaendringar
- har innsikt i korleis mennesket kan påverke biogeografiske mønster gjennom blant anna arealbruk og introduserte artar, og kva for betyding dette har for naturforvaltning i ein klimatisk og biogeografisk kontekst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO111, GEO115
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke.
Totalt 16-20 førelesingar
3-5 seminar á 2 timer pr. veke.
1 heildagsekskursjon
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Skriftlege innleveringar av 3 oppgåver og deltaking på dagsekskursjon. Oppgåvene må vere godkjente innan fastsett deadline og før skriftleg eksamen.
Vurderingsformer
Skuleeksamen (5 timer)
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
Om du har tatt BIO202 før 2009 vil du få 5 studiepoeng i reduksjon for GEO113.
GEO112 gir 10 studiepoeng (full) reduksjon for GEO113.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO113 vil difor bli evaluert kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no