Emner: GEOV210 Platetektonikk - Vår 2019
Undervisningsspråk
Norsk, engelsk ved behov
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Jordas ytste del er satt saman av eit begrensa antal stive plater som beveger seg i forhold til kvarandre langs dynamisk aktive grenser. Målet med emnet er å gje ein oversikt over dei fysiske kreftene som styrer mantelkonveksjon, og koplinga mellom denne og dynamikken til platene. Studentane vil få inngåande kunnskap om dei geologiske prosessane som styrer havbunnsspreiing, oppsprekking av kontinent, kontinentkollisjonar, fjellkjededannelse, subduksjonssoner og laterale skjærsoner. Emnet vil også diskutera samanhangen mellom platetektonikk og mantelplumer, samt platetektoniske forhold på andre telluriske planetar.
Innhald:
Kurset er delt i to delar. I del 1 vert dei viktigaste elementa i global platetektonikk og samspelet mellom dei fysiske kreftene som styrer denne, introdusert. I denne delen vil ein kort introduksjon til geodynamiske prinsipp gje studentane eit nytt reiskap til å studera ulike geologiske prosessar som heng saman med platetektonikk; frå danninga av havbotnskorpe til den vert subdusert under vulkanske øybuer. I del 2 vert andre viktige faktorar som kontrollerer platetektonikk, som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonstypar og ulike modellar for kontinentalstrekking, introdusert. Utviklinga av nord-Atlanteren vert gjennomgått i detalj, frå subduksjon, via kontinentalstrekking, til dannelse av havbunnsskorpe langs den midt-Atlantiske rygg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan beskriva kva som karaktereriserer platene som dannar jordas ytre skal
- kan diskutera dei viktigaste geologisk prosessane som er aktive der platene møtes; både langs konvergerande, divergerande og masse-konserverande grenser
- kan forklara dei geokjemiske forskjellane mellom bergartar laga ved oseane spreiieryggar, intra plate vulkanar og subduksjonssoner
- kan diskutera hovedgrunnane for at det ikkje foregår signifikant platetektonikk på våre naboplanetar i solsystemet
- kan diskutera dei viktigaste faktorane som knyt saman mantelkonveksjon og platetektonikk; slik som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonsmekanismar, bergartskrystallisering
- kan diskutera den geologiske utviklinga av nord-Atlanteren frå Paleosoikum til i dag; med fokus på interaksjonen mellom tektoniske og magmatiske prosessar gjennom kontinentalrifting og havbunnsspreiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan tolka generelle bergartstypar frå geofysiske modellar
- kan identifisera og diskutara geologiske prosessar og utvikling frå geofysiske modellar
- kan utføra enkle kvantitative analyser; som platehastigheit, magma produksjonsrate
- kan utføra enkle søk etter relevant vitskapleg litteratur, og referera til desse på ein korrekt måte
- kan identifisera moglege vitskaplege paradigmeforskjellar mellom `skular¿ innan platetektonikk høvesvis mantelplumar
- kan gjenkjenna ulike platetektoniske trekk i batymetriske kart
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytta eit presist vitskapleg språk som knyt ulike geologiske prosessar til platetektonikk
- kan erkjenna og kommunisera menneskeheita si avhengigheit av platetektoniske prosessar
- har tileigna seg generell kompetanse om platetektoniske prosessar som kan nyttast i andre vitskaplege disiplinar
- kan kritisk vurdera styrkane og veikskapane til geofysiske modellar og korleis dei kan tolkast geologisk
- har demonstrert kompetanse i vitskapleg etikk og evna til å arbeida både uavhengig og i lag med andre
Krav til forkunnskapar
GEOV101
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.
Tilrådde forkunnskapar
GEOV111, GEOV101
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Del I (6 veker) - Førelesningar, 4 timar/veke
Del II datainnsamling (6 veker) - Førelesningar og e-modular, 4 timar/veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levera inn to skriftlege oppgåver (ein for kvar del av kurset) for å få lov til å ta skriftleg eksamen. Desse oppgåvene er berre gyldige for semesteret kurset vert undervist og for påfølgjande semester (for tidleg eksamen om våren).
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftlege oppgåver utgjer 40% av karakteren.
- Skriftleg eksamen (4 timar) utgjer 60% av karakteren.
Merk: Dersom færre enn 10 studentar er registrerte for den skriftlege eksamen, kan munnleg eksamen verta gjeven i staden for skriftleg.
Alle eksamensdelar må vere bestått for å få endeleg vurdering i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.
Fagleg overlapp
10 sp overlapp med GEOF290, og 5 sp overlapp med GEOV333
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:Studierettleiar@geo.uib.noStudierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:Studierettleiar@geo.uib.noStudierettleiar@geo.uib.no
Tlf 55 58 35 19