Emner: INF170 Modellering og optimering - Vår 2019
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tar utgangspunkt i problemstillingar innan naturvitskap, teknikk og økonomi der målet er å fordele knappe ressursar på konkurrerande og/eller samarbeidande aktivitetar på ein best mogleg måte. Matematisk formulering av slike problem er hovudinnhaldet i emnet. Ein studerer lineære modellar, heiltalsmodellar, nettverk og enkle ikkje-lineære modellar. I labratorieøvingar inngår bruk av modelleringsspråk for praktisk implementasjon av modellane.
Læringsutbyte
Ved fullført INF170 Modellering og optimering skal studenten kunne
forklare kva eit optimeringsproblem er
gjere greie for dei grunnleggjande eigenskapane til eit optimeringsproblem
beskrive ulike typar lineære optimeringsproblem
formulere og løyse enkle matematiske modellar for optimal tildeling av knappe ressursar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på grunnkurs i matematikk eller MNF130
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Hjelpemiddel til eksamen
Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mitt UiB i starten på kvart semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I170: 10 SP
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar på instituttet.