Emner: INF220 Programvarespesifikasjon - Vår 2019
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master/ph.d.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev innsikt i formell spesifikasjon av programvare, domeneanalyse og -organisering.
Innhald:
Emnet gjev ei innføring i metodar for spesifikasjon av programvare. Det vert lagt vekt på bruk av abstraksjon i spesifikasjon, utvikling av domeneforståing og programvare.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan definere dei viktigaste omgrepa i spesifikasjonsteorien,
- kan bevise dei viktigaste teorema, og
- kjenner standardspesifikasjonar av mange formelle omgrep.
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar ein spesifikasjonsformalisme,
- kan foreta domeneanalyse og -organisering,
- kan bruke algebraiske metodar til spesifikasjon av programbibliotek, og
- kan validere implementasjonar av slike spesifikasjonar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver innan formell spesifikasjon og domeneanalyse, aleine og som deltakar i ei gruppe,
- kan innanfor fagområdet formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MNF130, INF112, INF122
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gjevast i form av førelesningar, laboratoriegrupper, kollokvium, sjølvstudium, individuelle oppgåver og lagarbeidsoppgåver, til saman ca. 270 studietimar.
Inntil 6 timar per veke i 13 veker med organiserte førelesningar og laboratoriegrupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Tlf 55 58 42 00