Emner: INF251 Grafisk databehandling - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

 

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å introdusere grunnleggjande konsept innan datagrafikk. Emnet gir den naudsynte teoretiske bakgrunnen og demonstrerer bruken av informatikk innan datagrafikk. Emnet let studentane utvikle programmeringsdugleik innan datagrafikk igjennom eit sett med innleveringsoppgåver.

 

Innhald:
Emnet dekker dei fundamentale tema, til dømes grafikkrepresentasjonar og transformasjonar. grafikk røyrledning (en. rendering pipeline), synlegheit, teksturer, samd meir avanserte område, som ray tracing og global illumination.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

 

Ferdigheiter
Studenten

 

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

INF100 og INF101 (eller tilsvarande)
MAT101/MAT111 (eller tilsvarande)

Tilrådde forkunnskapar

INF250. INF251 byggjer på INF102. Ein solid bakgrunn i (objekt-orientert) programmering, beståande av både teoretisk og praktisk kunnskap er naudsynt. Det anbefalast at du har erfaring med C/C++ forut for dette emnet.

Studiepoengsreduksjon

I291: 10 ECTS, INF211: 10 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består i hovudsak av førelesningar, programmeringsleksjonar og øvingar. Vanlegvis vil det vere 5 organiserte arbeidstimar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på obligatoriske øvingar og beståtte obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen som er digital. Endeleg karakter er ein kombinasjon av karakterane frå programmeringsoppgåvane og eksamenen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modellar angjevne i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar på instituttet.