Haust
Emnet går første gong hausten 2019
Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.
Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ har tileigna seg hovuddraga i moderne italiensk grammatikk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan forstå og gjere for dei sentrale problema i italiensk grammatikk
¿ Dei kan òg integrere den grammatiske kunnskapen i eigen språkleg praksis.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
¿ kan vidareutvikle kunnskapane sine i ein studiekontekst eller i yrkeslivet
¿ kan kommunisere på italiensk på eit nivå utover det elementære.
Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.
Studentane skal òg levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.
I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.