Emner: JAP120 Japansk språk 2 - Høst 2019



Studiepoeng

30.0

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

JAP120 byggjer på JAP110 og har utvida begynnarundervisning i og om det japanske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk, høfleg tale og praktisk språkbruk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 4.

Krav til forkunnskapar

Fullført JAP110 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP120 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med JAP111, JAP112, JAP103 eller JAP104.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar, gruppeundervisning samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.

Det er om lag 10 timar førelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har 24 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøver, to i kvar veke. I tillegg kjem ein munnleg test.

Alle desse 24 oppgåvene og den munnlege testen må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering.

Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. 7 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: tre kanjitestar, tre grammatikktestar og éin stil.

Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og CD. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytta , samt ei lærebok/øvingsbok i skriftteikn. I tillegg kjem utvalde tekstar som blir utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

eksamen@if.uib.no