Emner: KIN100 Kultur, historie og samfunn i Kina - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Engelsk og kinesisk/norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet gir basiskunnskapar i kinesisk sivilisasjonshistorie, med særleg vekt på kultur og historie. Det vil òg bli gitt introduksjonsførelesningar om kinesisk språk (kinesisk pinyin og kinesiske teikn).

Læringsutbyte

 Etter fullført emne:

Kunnskap

Kandidaten
- kjenner hovudtrekka i kinesisk sivilisasjonsutvikling, og har kunnskapar om dei viktigaste milepælane i dynastiets historie.
- har ei multidimensjonal forståing av det kinesiske samfunnet si moderne historie, gjennom tema som utdanningsutvikling, religion, folkegrupper og politisk system.

Dugleik

Kandidaten
- kjenner utsjånaden og oppbygginga til kinesiske teikn, og har tileigna seg begynnardugleik i lesing av kinesiske teikn og pinyin transkripsjon.

Generell kompetanse

Kandidaten
- har innsikt i det moderne Kina og det kinesiske folk frå eit historisk og kulturelt perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert ASIA100.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar, 2 timar i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til minst 75 prosent av undervisninga. For å få gå opp til eksamen må studenten få godkjent ei prøve i kinesisk språk. Prøva gjeld dugleik i pinyin og i å lese kinesiske teikn.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Tre timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret for dei som har godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet.

Litteraturliste

Pensum inneheld, forutan førelesingsnotatar, eit kompendium på om lag 500 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no