KIN103 byggjer på KIN101 og KIN102 og har vidare begynnarundervising i og om det kinesiske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og daglegdags tale. Det er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået.
Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal skaffe seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og universitetskvardag, samt 160 nye skriftteikn. Dei skal òg verte kjende med vanlege sosiale og kulturelle aktivitetar i Kina. Korrekt uttale vert vektlagd.
Studentane skal
- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.
- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytt til daglegliv og 160 nye skriftteikn.
- ha kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturelle aktivitetar i Kina.
- kunne skrive ei rekkje av dei mest nytta kinesiske teikna utan å konsultere vokabularliste eller ordbok.
KIN101 og KIN102 eller tilsvarande kunnskapar. God dugleik i engelsk.
Studentar som har fullført KIN623 og KIN624 (tidlegare KIN621 og KIN622) lyt førebu seg til emnet med sjølvstudium. Ta kontakt med studierettleiar for informasjon om dette.
Det er ein klar føremon å ta KIN103 og KIN104 i same semester.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn 6 skriftlege oppgåver og få godkjend minimum 4 av desse.
I tillegg må studenten levere inn 6 munnlege oppgåver på omkring 5-10 minuttar, som faglærar gir tilbakemelding på. Oppgåvene leverast som lydfiler.
Det blir kravd at studentane har 75 % oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty. Ordbøker og eiga grammatikkbok.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no