KIN104 byggjer på KIN103 og har vidare begynnarundervising i og om det kinesiske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og normalt høfleg tale. Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået.
Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal meistre eit vokabular på 300 ord knytte til kvardags- og samfunnsliv, samt 160 skriftteikn. Dei skal òg lære å uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema. Korrekt uttale vert vektlagd.
Studentane skal
- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.
- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytt til kvardags- og samfunnsliv og 150 skriftteikn.
- kunne skrive ei rekkje av dei mest nytta kinesiske teikna utan å konsultere vokabularliste eller ordbok.
- kunne uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema.
Dette kurset har 6 obligatoriske heimeoppgåver. I tillegg skal studenten i løpet av semesteret halde minst éin munnleg presentasjon. Studenten må få 4 av 6 heimeoppgåver pluss presentasjonen godkjent for å kunne framstille seg til vurdering.
Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty. Ordbøker og eiga grammatikkbok.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no