Emner: KJEM120 Grunnstoffenes kjemi - Vår 2019
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi et grunnleggande introduksjon til uorganisk kjemi. Emnet omhandlar grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar og korleis dei er plassert i Det periodiske system. Typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske sambindingar er vektlagt. Vidare inngår oppbygging og eigenskapar til sambindingane, mellom anna bindingsforhold mellom atom i molekyl, metall, salt og mineral. I emnet inngår rolla uorganiske sambindingar har i miljø og industri samt metalliona si naturlege rolle i biologiske system.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om grunnleggjande uorganisk kjemi, spesielt samanhengen mellom atoma sin elektronstruktur, plassering i Det periodiske system og forventa eigenskapar åleine eller i sambindingar.
- kjenner til korleis elementa er funne i naturen, korleis dei er produsert og kva eit gitt element kan nyttast til.
- kjenner til dei grunnleggjande og mest relevante sambindingar som vert danna av elementa, deira struktur og kjemiske og fysiske eigenskapar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare og samanlikne dei kjemiske og fysiske eigenskapane til elementa i det periodiske system og deira sambindingar.
- kan knyte strukturen av ei uorganisk sambinding til sine eigenskapar.
- kan diskutere elementa og deira sambindingar på basis av kjemiske bindingslære.
- kan beskrive uorganisk kjemiske reaksjonar og sette opp tilsvarande balanserte reaksjonslikningar.
- kan utleie namn frå formelen på kjemiske sambindingar og vise versa.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle dei sentrale innhaldet i faget både skriftleg og munnleg og ved hjelp av typiske uttrykksformer i faget (f.eks. kjemiske reaksjonslikningar og strukturteikningar).
- kan identifisere og assimilere relevant kunnskap fra undervisningsmaterialet gjennom førelesningar, gruppearbeid og på egen hand.
Krav til forkunnskapar
KJEM110
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper. seminar, ekskursjon osb.
Forelesninger, 4 timer i uken i 14-15 uker.
Kollokvier, 2 timer i uken i 12 uker.
Oppgaveløsing (digitalt innlevering), 6 à ~40 minutter
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i minst 8 kollokvium.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
Vurderingsformer
- Midtsemestervurdering (2 timar) - utgjer 30% av karaktergrunnlaget
- Skriftleg slutteksamen (4 timar) - utgjer 70% av karaktergrunnlaget
Utfyllende eksamensregler:
- Midtsemestervurdering er gyldig i 1 påfølgande semester
- I semester med undervisning:
Studentar med godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet kan gå opp til midsemestervurdering og avsluttande eksamen.
3. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet og midtsemestervurdering kan berre gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakter på midtsemestervurdering frå førre semester. Den avsluttande eksamen tel 70% av samla karakter.
b) Studentar utan obligatorisk undervisningsaktivitet og midtsemestervurdering frå tidlegare kan ikkje ta eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
K102: 10 stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.