Emner: KUVI105 Tingene og vi. Materialitet og mening - Vår 2019
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Fagleg innhald
Menneske omgir seg med ting og lever sine liv i tett omgang med dei materielle omgjevnadane. Det gjeld både korleis ein bruker, forstår og skapar ulike kategoriar som stader, minner, monumentar og ulike bruksting. Den fysiske omverda dannar rammer for daglege gjeremål, for korleis ein uttrykkjer seg og for korleis ein skaper band til andre. Det materielle dannar kort sagt praktiske, meiningsskapande og eksistensielle føresetnader for korleis ein lever.
Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teorier om det materielle som kulturelt fenomen. Dette inneber å studere endringer relatert både til materielle forståingar i fortid og notid, i private og offentlege samanheng.
Læringsmål
Emnet skal gje ei innføring i kva betyding materielle omgjevnader og gjenstandar har i vårt daglegliv, i forming og forståing av våre omgjevnader. Emnet skal lære studentane å sjå det materielle som kulturelle fenomen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om det materielle si kulturelle meining og kjenna til forskingslitteratur på feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- har fått øving i å analysera materielle og kulturelle uttrykk og å formidla resultatet i skriftleg og munnleg form.
Generell kompetanse
Studenten
- har lært å kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan det same fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med KUVI255
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt gjennom forelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere inn ei øvingsoppgåve på ca. 1500 ord. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Heimeeksamen på 7 dagar. Oppgåva skal vere på ca. 3000 ord. I tillegg er det justerande munnleg eksamen (maksimal justering er ein karakter).
Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte for at studenten kan gå opp til eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/vår
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 1200-1500 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no