Emner: LING310 Datalingvistiske modeller og bruksområder - Høst 2019



Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar for utvikling av språklege modellar og bruksområder. Aktuelle emne er t.d. kunnskapsrepresentasjon, semantiske nettverk, mønstergjenkjenning, søkjestrategiar, regelbaserte system, maskinell læring, nevrale nettverk, kvantitative modellar, og evolusjon.  Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.

 

Dette emnet eignar seg også for studentar på informatikk, informasjonsvitskap og humanistisk informatikk. 

 

Målet med kurset er å gjere studenten kjend med modelleringsmetodar, t.d. frå kunstig intelligens og maskinlæring, og applikasjoner.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan ...

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

LING123 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

DASP303 (15 stp), DASP304 (15 stp)

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masternivå ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Førelesingar, øvingar på datamaskin og rettleiing.

 

Om lag 3 timar pr. veke.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva. 

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve i form av programmeringsoppgåve og justerende muntleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum består hovudsakleg av ei innføring i kunstig intelligens og en vitskapleg beskriving av metodane som blir nytta innan dette feltet, særleg med vekt på kognitiv modellering og med tanke på bruksområde. Datamaskin brukast til øvingar. 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no