Emner: MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelige faktorer i kritiske situasjoner og kulturelt mangfold i samf. og arb. - Høst 2019




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Forståing av sosiale og kognitive fenomen og mekanismar er relevant for ei rekke områder i samfunnet. Dette emnet tek for seg to vide bruksretta felt innan sosial- og kognitiv psykologi. «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» og «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv». Desse felta har relevans for samfunnet sine utfordringar knytt til samfunnssikkerheit og beredskap, integrering og møter mellom etniske grupper. Det vil bli vist til ein del tema som går igjen i dei to felta, og som også er knytt til emnet MAPSYK304 og meir grunnleggjande sosial- og kognitiv vitskap, som persepsjon og forståing, mentale modeller, kulturell påverknad og gruppedynamikk. I tillegg vil kandidaten fordjupa seg i empiriske og teoretiske spørsmål innan anvendt psykologisk vitskap gjennom arbeid med enten forskingspraksis eller ei individuell emneoppgåve knytt til ei av instituttets forskargrupper.

Fagfeltet «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» spelar inn i situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. Fagfeltet har hovudfokus på individuelle, teambaserte og kontekstuelle forhold som vil kunne påverke individ, samhandling og yteevne i situasjonar som går føre seg under risikofylte og komplekse føresetnader. Undervisninga vil ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til sikkerheit, risiko og HMS i samfunnsområde som offshore, maritim næring, helsevesen og operative settingar som politi, militæret og beredskap.

Fagfeltet «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv» tar for seg psykologiske perspektiv for å forstå samhandling mellom individ med ulik etnisk/kulturell bakgrunn i samfunns- og arbeidslivet. Eit særleg fokus vil vere utfordringar som kan oppstå på arbeidsplassen og korleis leiingspraksis og organisasjonsarbeid kan tilpassast ein fleirkulturell kontekst.

Studentane skal ha undervisningsaktiviteter knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper, i form av praksis i forskingsgruppa eller ved å skrive ei individuell emneoppgåve på eit av forskingsgruppa sine tema. Om ein vel forskingspraksis skal ein ta del i nokre av forskargruppa sine aktiviteter, og får planlagt ulike oppgåver ein skal gjere. Dette kan innebere arbeid med design, innsamling av data og analyser av forskingsdata, å delta i utviklinga av vitskapelege manuskript, arrangere eit forskingsseminar eller skrive ei forskingsprosjektskisse. Arbeidsoppgåvene skal vere varierte og gje kandidatane innsikt i fleire sider ved forskingsprosessen. Ved fullført praksis skal studentane skrive eit kort notat som skildrar arbeidet. Studentar som vel emneoppgåve, kan velje enten fordjupe seg i eit tema foreslått av forskingsgruppa eller eit sjølvvalt tema (må godkjennast av den i forskingsgruppa som har ansvar for arbeidet ). I arbeidet med emneoppgåva vil studentane få noko individuell rettleiing, men også gi og få tilbakemeldingar av medstudentar.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

¿ har inngåande kunnskap om dei kognitive, sosiale og organisatoriske faktorar som verkar på menneskeleg åtferd i kritiske situasjonar

¿ har inngåande kunnskap om kommunikasjon og samhandling i operative lag, medrekna situasjonsmedvit, delte mentale modellar og leiing av operative einingar

¿ har kunnskap om korleis aspekt ved menneskelige faktorar og kritiske hendingar verkar inn på seleksjon, trening, og oppfølging av personell etter hendingar

¿ forstår sentrale modellar knytt til verdiar og akkulturasjon og kan bruke dei som utgangspunkt for å analysere individuelle og mellommenneskelige prosesser

¿ kan bruke sosialpsykologiske teoriar om intergrupperelasjonar, fordommar, stereotypiar og diskriminering som utgangspunkt for å forstå ulike aspektar ved fleirkulturelle samfunn

¿ har kunnskap om korleis leiing og andre verkemiddel i organisasjonsarbeid kan knytast til kulturelle verdiar og tilpassast eit fleirkulturelt arbeidsliv

¿ kjenner til forskingstema, forskingsprosjekta og metodiske tilnærmingar for si valde forskingsgruppe

 

Dugleik.

Studenten:

¿ kan analysere faglige problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv

¿ kan analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte resonnement knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv

¿ kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor felta «menneskelige faktorar i kritiske situasjonar» og «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv», og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing knytt til desse fagområda

¿ kan analysere i kva grad eit planlagt eller eksisterande arbeidsmiljø, rolle eller situasjon tek omsyn til «menneskelege faktorar»

¿ kan analysere korleis «menneskelege faktorar» innan individuell yteevne, samarbeid eller leiing kan ha bidrege til å forårsake ein observert uønskt hending

¿ kan reflektere over og drøfte kva for utfordringar ein leiar står overfor under planlegging, gjennomføring og avslutning av operative innsatsar

¿ kan analysere konfliktar knytt til kulturelt mangfald i arbeidslivet

¿ kan vise korleis struktur og leiingspraksis i organisasjonar er forankra i kulturelle verdiar

¿ kan reflektere over og diskutere forskingsproblem, forskingsdesign og metodar i forskingsgruppa sitt vitskapelige felt

¿ kjenne til nokre av dei metodane som er i bruk i si valde forskingsgruppe

 

Generell kompetanse.

Studenten:

¿ kan fungere i ei arbeidsrolle knytt til «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» eller «kulturelt mangfald» på ein måte som kombinerer kjennskap med dette fagfeltet med kunnskap og kompetanse frå generell psykologi

¿ kan formidle frå eige sjølvstendig arbeid knytt til felta «menneskelige faktorar i kritiske situasjonar» og «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv»

¿ kan søke etter, reflektere over og bruke forskingslitteratur

¿ kan fungere som aktivt medlem i ei forskingsgruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen krav ut over opptak på studieretninga

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar i et omfang av omlag 45 timar

Bedriftsbesøk hjå ei operativ eining

Seminar med utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur

Kandidatar med forskargruppepraksis skal delta i dei aktiviteter som vert planlagt av forskingsgruppa.

Kandidatar som skriv emneoppgåve skal delta i medstudentrettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

¿ delta på bedriftsbesøk

¿ enten levere emneoppgåve (maks 5000 ord, referansar ikkje rekna med) eller notat frå forskingspraksis (maks 2000 ord)

¿ dei kandidatane som skriv emneoppgåve skal delta i rettleiing mellom medstudentar

¿ gjennomføre munnleg presentasjon av egen emneoppgåve/forskingspraksis og delta på heile presentasjonsdagen

Vurderingsformer

5-dagars individuell heimeeksamen med rundt 4.000 ord (+/- 10%) i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand. Mindre figurar og tabellar bør plasserast inne i teksten heller enn på slutten.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

¿ tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mitt UiB

¿ tilrådd litteratur er på om lag 1.000 sider

¿ i samband med forskingspraksis/emneoppgåve kan forskingsgruppene foreslå tilleggslitteratur som del av kandidatens arbeid i gruppa

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder.psyfa@uib.no

Tlf: 55 58 27 10

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi