Forståing av sosiale og kognitive fenomen og mekanismar er relevant for ei rekke områder i samfunnet. Dette emnet tek for seg to vide bruksretta felt innan sosial- og kognitiv psykologi: «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» og «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv».
Desse felta har relevans for samfunnet sine utfordringar knytt til samfunnssikkerheit og beredskap, integrering og møter mellom etniske grupper. Det vil bli vist til ein del tema som går igjen i dei to felta, og som også er knytt til emnet MAPSYK304 og meir grunnleggjande sosialog kognitiv vitskap, som persepsjon og forståing, mentale modeller, kulturell påverknad og gruppedynamikk. I tillegg vil kandidaten fordjupa seg i empiriske og teoretiske spørsmål innan anvendt psykologisk vitskap gjennom arbeid med enten forskingspraksis eller ei individuell emneoppgåve knytt til ei av instituttets forskargrupper.
Fagfeltet «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» spelar inn i situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. Fagfeltet har hovudfokus på individuelle, teambaserte og kontekstuelle forhold som vil kunne påverke individ, samhandling og yteevne i situasjonar som går føre seg under risikofylte og komplekse føresetnader. Undervisninga vil ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til sikkerheit, risiko og HMS i samfunnsområde som offshore, maritim næring, helsevesen og operative settingar som politi, militæret og beredskap.
Fagfeltet «kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv» tar for seg psykologiske perspektiv for å forstå samhandling mellom individ med ulik etnisk/kulturell bakgrunn i samfunns- og arbeidslivet. Eit særleg fokus vil vere utfordringar som kan oppstå på arbeidsplassen og korleis leiingspraksis og organisasjonsarbeid kan tilpassast ein fleirkulturell kontekst.
Kandidatane skal ha undervisningsaktiviteter knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper, i form av praksis i forskingsgruppa eller ved å skrive ei individuell emneoppgåve på eit av forskingsgruppa sine tema. Om ein vel forskingspraksis skal ein ta del i nokre av forskargruppa sine aktiviteter, og får planlagt ulike oppgåver ein skal gjere. Dette kan innebere arbeid med design, innsamling av data og analyser av forskingsdata, å delta i utviklinga av vitskapelege manuskript, arrangere eit forskingsseminar eller skrive ei forskingsprosjektskisse.
Arbeidsoppgåvene skal vere varierte og gje kandidatane innsikt i fleire sider ved forskingsprosessen. Ved fullført praksis skal kandidatane skrive eit kort notat som skildrar arbeidet. Kandidatar som vel emneoppgåve, kan velje enten fordjupe seg i eit tema foreslått av forskingsgruppa eller eit sjølvvalt tema eller på eit tema foreslått av forskingsgruppa (sjølvvald tema (må godkjennast av forskingsgruppa). I arbeidet med emneoppgåva vil kandidatane få 2-3 timar individuell rettleiing, men også gi og få tilbakemeldingar av medstudentar.
Kunnskapar:
Studenten
Dugleik:
Studenten:
Generell kompetanse:
studenten:
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar i et omfang av omlag 45 timar
Bedriftsbesøk hjå ei operativ eining
Seminar med utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur
Kandidatar med forskargruppepraksis skal delta i dei aktiviteter som vert planlagt av forskingsgruppa.
Kandidatar som skriv emneoppgåve skal delta i medstudentrettleiing
Delta på bedriftsbesøk
Levert emneoppgåve (maks 5000 ord) /notat frå forskingspraksis (maks 2000 ord)
Gjennomføre munnleg presentasjon av eigen emneoppgåve/forskingspraksis og delta på heile presentasjonsdagen
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder.psyfa@uib.no
Tlf: 55 58 27 10
Institutt for samfunnspsykologi