Emner: MEVIX100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon - Høst 2019




Studiepoeng

20.0

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette emnet introduserer medievitskap som eit fagfelt i skjæringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. I emnet får du innføring i medievitskaplege perspektiv, med vekt på korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan brukast på aktuelle medievitskaplege problemstillingar. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medias rolle i samfunnet, populærkultur, identitet, sosiale medier, eller medier og makt, og vise korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla. Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga er til dels workshop-basert og kan omfatte praktiske øvingar. Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Studentar på årsstudium i medier og kommunikasjon og bachelorprogram i medier og kommunikasjon vert prioritert. Andre studenter kan søke instituttet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargrupper/workshops og godkjente seminaroppgåver. Seminaroppgåvene kan være både skriftlege eller munnlege, og kan romme praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Metodeoppgåva kan vere ein revidert versjon av seminaroppgåver studentane har fått tilbakemeldingar på. Det større arbeidet vil normalt vere ei analyse- eller drøftingsoppgåve på om lag 4000 ord, som vert fullført mot slutten av semesteret. Alle innleveringar er individuelle.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisninssemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap