Emner: MEVIX100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon - Vår 2019




Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette emnet introduserer medievitskap som eit fagfelt i skjæringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. I emnet får du innføring i medievitskaplege perspektiv, med vekt på korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan brukast på aktuelle medievitskaplege problemstillingar. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medias rolle i samfunnet, populærkultur, identitet, sosiale medier, eller medier og makt, og vise korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla. Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga er til dels workshop-basert og kan omfatte praktiske øvingar. Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Studentar på årsstudium i medier og kommunikasjon og bachelorprogram i medier og kommunikasjon vert prioritert. Andre studenter kan søke instituttet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargrupper/workshops og godkjente seminaroppgåver. Seminaroppgåvene kan være både skriftlege eller munnlege, og kan romme praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa skal bestå av eit lengre arbeid som tel om lag halvparten av karakteren, og to mindre arbeid som kvart tel om lag ein fjerdedel av karakteren. Dei to mindre arbeida kan vere reviderte versjonar av seminaroppgåver studentane har fått tilbakemeldingar på. Det større arbeidet vil normalt vere ei analyse- eller drøftingsoppgåve på om lag 4000 ord, som vert fullført mot slutten av semesteret. Alle innleveringar er individuelle.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisninssemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap