Emner: MUSE620 Å forske i og på museum - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Hovudsakleg norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet skal lære studentane å planleggje sjølvstendige forskingsprosjekt. Dei skal lære å formulere og avgrense forskbare problemstillingar og klargjere kva slags forskingslitteratur og kjeldemateriale som kan brukast for å svare på problemstillingane, handtere metodiske og etiske utfordringar knytt til bruken av forskjellige kjeldetypar, og utforme forskingsprosjekt som let seg gjennomføre.

Studentane skal med hjelp av rettleiar og medstudentar skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskingsprosjekt. Prosjekta kan for eksempel være basert på samlingane i det einskilde museum, vera formulert innanfor eit relevant tema, eller dreie seg om museas rolle i samfunnet. Prosjektskissa vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av relevant eksisterande forskingslitteratur og kjeldemateriale som kan brukast til å svare på problemformuleringa. Skissa kan og innehalde diskusjon av metodar, det vil seie systematiske framgangsmåtar i arbeidet med kjeldematerialet, og drøfte prosjektdesign med vekt på planlegging av tidsbruk og framdrift. Det skal og reflekterast over forskings- og museumsetiske utfordringar knytt til prosjektet.

Læringsutbyte

 Kunnskap:
Ved fullført emne har studenten djupare innsikt i planlegging av forskingsprosjekt samt i metodar knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit museumsrelevant tema.

Ferdigheiter:
Studenten kan avgrense eit forskingstema og utvikle og formulere vitskaplege, forskbare problemstillingar innanfor temaet. Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva slags litteratur og materiale som kan brukast i problemløysinga. Vidare kan studenten forme ei sjølvstendig skriftleg prosjektskisse som kan danne utgangspunkt for eit konkret, avgrensa forskingsprosjekt.

Generell kompetanse:
Studenten har opparbeida kompetanse i å formulere eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme, og i å kartleggje og vurdere kjeldemateriale for forsking. Prosjektskissa viser sjølvstendige evner til å planlegge, analysere, problematisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er hovudsakleg retta mot tilsette i museumssektoren, og har eige opptak i samråd med museet studenten er tilsett ved. Dersom det er plassar, er emnet og ope for studentar med studierett på eit studieprogram ved AHKR.

Opptak til emnet går via det enkelte museum. Museet foreslår kandidatar til studiet til ei sentral referansegruppe som føretek ei prioritering av søkjarane etter følgjande kriterium:

1.Tilgjengeleg rettleiingskompetanse. Vi kan rettleie prosjekt med humanistisk innretning (arkeologi, historie, kulturvitskap)
2.Kvaliteten på søknaden
3.Søknaden sin relevans for heimeinstitusjonen til søkjaren
4.Søkjarens geografiske og institusjonelle tilknytting. Vi ønskjer at studentane skal representere helie landet og speile mangfaldet i museumssektoren.

Det formelle opptaket til studiet vert gjort av UiB. Kontakt arbeidsgjevaren din for informasjon om søknadsprosessen og interne søknadsfristar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga strekker seg over eitt semester og er organisert i tre samlingar à inntil tre dagar. Samlingane er sett saman av forelesingar og seminar. Inntil 3 timar rettleiing til prosjektskissa kjem i tillegg til samlingane. Rettleiinga kan vera individuell eller gruppebasert.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Godkjenning av individuell pensumliste.

Vurderingsformer

Ei prosjektskisse på om lag 10-15 sider.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det vert utarbeidd ei felles litteraturliste på om lag 600-800 sider. I tillegg legg studentane opp ei individuell litteraturliste på om lag 600-800 sider. Den individuelle litteraturlista skal godkjennast av faglærar før innlevering av prosjektskissa.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

museum@uib.no