Emner: NOFI107 Norrøn litteratur og kultur - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvide sin kunnskap om norrøn litteratur og kultur gjennom eit breitt utval av tekstar, og dei skal dessutan gjere seg kjende med den norrøne forskingshistoria. Emnet omfattar eit breitt utval av tekstar, hovudsakleg i omsetjing, men også i original.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI107

- har kunnskap om hovudtrekka i den norrøne litteraturhistoria

- har god kunnskap om sentrale tekstar i ei rekkje norrøne sjangrar

- har grunnleggjande kunnskap om den norrøne forskingshistoria

Ferdigheiter

Studenten

- kan kommentere og analysere eit utval norrøne tekstar

- kan setje desse tekstane inn i eit litteraturhistorisk perspektiv

- kan lese eit utval av desse tekstane i original språkform

- kan sjå den norrøne litteraturhistoria i eit faghistorisk perspektiv

Generell kompetanse

Studenten

- kan setje seg inn i litterære strukturar på eit breitt grunnlag av ulike sjangrar

- kan relatere sentrale tekstar i norrønt til andre litteraturar

- kan setje den norrøne forskingshistoria i samband med og kontrast til utviklinga av andre fag

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

NOFI112 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

NOFI107 overlappar med det meste av det tidlegare emnet NOFI105 og vil ikkje gje utteljing i studiepoeng for studentar som har teke NOFI105.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker.
I alt om lag 24 timar undervisning.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Studentane må halde ein kort presentasjon (10 - 15 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen og justerande munnleg eksamen.

Den første delen er ein heimeeksamen på 7 dagar, der temaet blir fastsett av faglæraren. Oppgåva skal ha eit omfang på 8 - 12 sider (16000 - 24000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den andre delen er ein justerande munnleg eksamen, som omfattar heimeoppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på heimeeksamenen med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege eksamenen.

Det er ikkje høve til å bruke heimeeksamenen på nytt i eit seinare semester. Studenten må skrive ny heimeeksamen med tema gjeven av faglæraren i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A- F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

A. Primærlitteratur

Eit utval av tekstar som kan lesast i omsetjing: t.d. ei islendingesoge, ei samtidssoge, ei fornaldersoge, ei legende- eller martyrsoge, ei bispesoge, ei apokryf soge, og ei riddarsoge. Vidare utdrag frå Strengleikar (50 sider), Kongsspegelen (50 sider) og ein eller fleire lovtekstar (100 sider). Eit utval på ca. 50 sider av desse tekstane skal lesast i original språkform.

B. Sekundærlitteratur

1. Eit utval av artiklar eller kapittel om litterære og kulturelle tema som både tener til å gje eit allment oversyn og til å støtte opp om dei enkelte tekstane i pensumet, i eit omfang på om lag 250 sider.

2. Ei brei framstilling av norrøn forskingshistorie. Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane får tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk. Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no