Emner: NOFI108 Norrøne tekster etter håndskriftene - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Undervisninga blir gjeven på skandinavisk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar over eit vidare spekter og med større vanskegrad enn på NOFI101.

På NOFI108 er tekstane i unormalisert ortografi, og dei er i både gammalislandsk og gammalnorsk språkform. I tillegg til øving i tekstlesing og tekstkommentar gjev emnet ei grunnleggjande innføring i handskriftskunnskap og filologisk forskingsmetode.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI108

- har grunnleggjande kunnskap om dei norrøne primærkjeldene og korleis ein kan få tilgang til desse i ulike typar av

utgåver og i fysiske og digitale arkiv

- har grunnleggjande kunnskap om filologisk forskingsmetode - har innsikt i variasjonsrikdommen i den norrøne ortografien - har innsikt i regionale skilnader i norrønt språk ¿ for det første skiljet mellom gammalnorsk og gammalislandsk, og for det andre skilnaden mellom dei gammalnorske dialektane

Ferdigheiter

Studenten

- kan finne fram til norrøne primærkjelder i eigna utgåver og arkiv

- kan lese norrøne tekstar i unormalisert ortografi - kan normalisere norrøne tekstar i unormalisert ortografi

- kan analysere og kommentere unormaliserte norrøne tekstar med tanke på regionale skilnader

Generell kompetanse

Studenten

- kan setje seg inn i mellomalderkjelder med variabel ortografi

- kan knyte unormaliserte tekstar i andre, nærliggjande språk til grammatiske og leksikografiske standardar i dei aktuelle språka

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Emnet har ingen spesifikke tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

NOFI108 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI102, slik at den som har emnet NOFI102, kan ikkje få poengutteljing også for NOFI108.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning. Undervisninga blir gjeven i den første tredjeparten av semesteret.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Studenten skal levere to oppgåver om eit fagleg tema på kurset, t.d. oppgåver der ein normaliserer unormalisert tekst og kommenterer dette arbeidet. Kvar oppgåve bør vere på om lag 3 sider (6000 teikn inkl. mellomrom). Oppgåvene må vere innleverte seinast ei veke etter at undervisninga er avslutta.

Studenten kan skrive mappeoppgåvene på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Det blir gjeve ein samla karakter på dei to mappeoppgåve

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med mappeoppgåvene har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

A. Primærlitteratur

1. Unormalisert gammalnorsk tekst: om lag 15 sider.

2. Unormalisert gammalislandsk tekst: om lag 15 sider.

B. Sekundærlitteratur

Kortfatta framstillingar (kvar på ca. 30¿50 sider) av kvart av dei tre følgjande emna:

1. Handskrifts- og arkivkunnskap

2. Tekstkritikk og tekstfilologi

3. Eldre norsk og islandsk språk, med vekt på fonologi og morfologi, t.d. kap. 12 av Jan Ragnar Hagland i Handbok i norrøn filologi.

Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte

pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no

mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no