Emner: NOFI110 Norrøn skriftkultur - Høst 2019




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Undervisninga blir gjeven på skandinavisk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar i kjeldenær form, dvs. i fotografisk faksimile av handskrifter, diplom og runeinnskrifter.

Til grunn for dette emnet ligg eit studium av det latinske alfabetet i norrøne handskrifter og diplom (paleografi) og det yngre runealfabetet i norrøne innskrifter (runologi). Emnet gjev ei innføring i transkripsjon av begge alfabeta og dessutan translitterering av innskrifter i runealfabetet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI110

- har grunnleggjande kunnskap om utviklinga av den norrøne skrifta i det latinske alfabetet og forkortingssystemet i denne

- har god kunnskap om eit utval gammalnorske og gammalislandske tekstar i fotografisk faksimile

- har god kunnskap om eit utval av norske runeinnskrifter frå mellomalderen (1050-1350)

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan transkribere tekst frå fotografiske faksimilar av handskrifter i det latinske alfabetet

- kan løyse opp forkortingar i handskriftene

- kan transkribere og translittere runeinnskrifter som ikkje er særskilt skadde eller vanskelege å lese

- kan normalisere og omsetje eit utval av handskriftstekstar og runeinnskrifter

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan kjenne igjen og analysere paleografiske trekk i tekstar i det latinske alfabetet også på andre mellomalderspråk

- kan arbeide med tekstar også på latin i det yngre runealfabetet

- kan arbeide med transkripsjonsoppgåver allment, og er kjent med generelle problem med translitterering frå eitt alfabet til eit anna

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

NOFI110 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI102, slik at den som har emnet NOFI102, kan ikkje få poengutteljing også for NOFI110.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning.

Undervisninga blir gjeven i den siste tredjeparten av semesteret.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.

Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Hjelpemiddel til eksamen

Det er høve til å bruke ein norrøn grammatikk og ei norrøn ordbok under eksamen.

Utanlandske studentar kan dessutan bruke ordbok frå sitt eige språk til moderne norsk, og frå moderne norsk til sitt eige språk.

Studenten må sjølv ta med dei ønskte hjelpemidla.

Karakterskala

Karakterskala A¿F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

A. Primærlitteratur

1. Gammalnorsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi.

2. Gammalislandsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi.

3. Yngre runer: 15 innskrifter.

B. Sekundærlitteratur

Kortfatta framstillingar (kvar på ca. 30¿50 sider) av kvart av dei tre følgjande emna:

1. Skriftkunne, særleg i nordisk samanheng

2. Paleografi, særleg av norrønt materiale

3. Runologi, særleg av yngre runer

Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no