Emner: NORAN602 Norsk språk som andrespråk (fjernstudium) - Høst 2019




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og videreutdanning

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert studium 

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

 

Dugleik:

Studenten

 

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Dokumenterte norskferdigheiter på B2-nivå

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Norskferdigheiter på C1-nivå.

Studiepoengsreduksjon

NORAN602 og NORAN101(-F) har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NORAN602 og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til Norsk som andrespråk (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven som førelesingar i form av audio- og videogram og skrivne nettleksjonar. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er ein føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteten, omfattar mellom anna nettkollokvium i sann tid, i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettgruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske arbeidskrav).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve på om lag 2500 ord to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer frå faglærar. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

 

 

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar

Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatt.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A -F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

 

E-post: prisme@uib.no