Emnet har som målsetting å gi studentane eit fagleg grunnlag for masteroppgåva og ei innføring i metodar og teoriar omkring lesing, hermeneutikk og resepsjon. Studentane skal kunne vise ulike tilnærmingsmåtar til ulike tekstar avhengig av teoritilfang og sjanger. Pensum inneheld ei rekke sentrale litteraturteoretiske tekstar og sentrale litterære tekstar.
Kurset er oppbygd med ulike leksjonar der vi med eit teoretisk utgangspunkt les ein skjønnlitterær tekst for å sjå korleis teksten kan verte belyst av teori. Her vert det lagt vekt på aktuelle tolkingsparadigme.
Etter å ha vært gjennom dette kurset skal studentane kunne:
Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ein kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her , kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.
Det vert tre samlingar à to dagar i løpet av semesteret.
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha deltatt i innleveringar på nett og deltatt i presentasjonar på samlingane. Konkretisering av dei obligatoriske aktivitetane går fram av semesterplanen.
Kurset er i hovudsak basert på elektroniske hjelpemiddel. Det er en difor eit vilkår at studenten har tilgang til PC (med internett) og kan meistre denne. Det vert kravt at studentane tek del i diskusjonar/spørsmålsstillingar på nett.
Sju dagars heimeeksamen. Eksamenen skal skrivast på bokmål
Rett og god språkføring vert vektlagd.
Pensum utgjer cirka 1000 sider av normal vanskegrad.
Ved semesterstart vil det liggje føre ein detaljert pensumliste. Ho kan justerast av studenten om det er ønskjeleg. Dersom studenten endrar pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert fastsett av instituttet, og ho må godkjennast av emneansvarleg.