Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse hovudområda:
- Norskfagleg sjølvforståing og danningshistorie
- Strategiar for språkkompetanse
- Det fleirkulturelle klasserommet
- Leseteori og litteraturundervisning
- Skriveteori og skriveopplæring
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om norskfaget si utvikling.
- har kunnskap om teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon.
- har kunnskap om språk, tekst og sjanger og kan sjå desse i eit kulturperspektiv.
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte styringsdokument for norskfaget i høve til fagtradisjonar og fagutvikling.
- kan drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen og i høve til ulike kulturelle føresetnader i skulen.
- kan undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette skriftlig og munnleg.
- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk i høvet til alle dei ulike emna i skulefaget og kunne grunngje val og vurderingar i høve til eige fagsyn.
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte.
- skal kunne reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål.
- skal ut frå sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse.
Det vert tre samlingar à to dagar i løpet av semesteret. I tillegg kjem noko digitaltbasert arbeid.
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
For å kunne gå opp til eksamen i norsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske aktivitetane går fram av semesterplanen.
Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk
Rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan tre veker etter at oppgåveteksten er utdelt. Oppgåva skal vera på omlag 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.
Studenten vel målform for semesteroppgåva sjølv
Rett og god språkføring vert vektlagd.
Karakterskalaen A-F.
Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet. Pensumlista kan justerast av studenten om det er ønskjeleg. Dersom studenten endrar pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert fastsett av instituttet, og ho må godkjennast av den emneansvarlege.