Emner: NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte. 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.

Innhald:

Emnet har tre hovudtema:

(1) norsk språkhistorie frå norrønt språk til moderne talemål

(2) norsk fonologi (lydsystem) med viktige regionale varietetar

(3) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi

Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av moderne norsk spesielt. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.

Studiet av fonologi og talemål skal gi oversyn over lydleg og grammatisk variasjon i talt norsk og bidra til ei forståing av dialektar og sosiolektar som språkleg likeverdige med dei offisielle målformene bokmål og nynorsk.

Emnet testar studentane sine nynorskferdigheiter og tilbyr nynorskkurs til dei som ikkje meistrar målforma tilfredsstillande.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har kunnskap om norrøn grammatikk og tilhøvet mellom skrift og uttale i norrønt

- har brei kunnskap om utviklinga av norske talemål frå norrøn tid til i dag

- har god kunnskap om norsk fonologi i dei viktigaste regionale varietetane

- har brei kunnskap om variasjonen i moderne norske talemål og deira fonologiske og grammatiske system

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

- kan bruke elektronisk programvare til å skrive tekstar der det trengst særlege norrøne og fonetiske skriftteikn

- skriv korrekt og god nynorsk

Generell kompetanse

Studenten

- kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg

- kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur

- har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale

- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk i historisk lys og om norsk talemål og uttale

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg nynorsk. 

Studiepoengsreduksjon

Emnet har full overlapping med NOSP103-L og 10 studiepoeng overlapping med NOSP103 og NOSP103-F.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning, seminar og nynorskkurs.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må gjennomføre nynorskkurs. Kurset har undervisning til saman 16 timar. Det er obligatorisk å delta på minst 75 % av kurset.

Studentar kan få fritak frå nynorskkurset ved å bestå ein nynorsktest tidleg i semesteret.

Godkjent undervisningsaktivitet blir ikkje forelda.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein skriftleg heimeeksamen på fire dagar: frå måndag 13:00 til til fredag 13:00.

Eksamenen har fleire deloppgåver der minst to av hovudtemaa (sjå Mål og innhald) er dekte.

Eksamenen skal skrivast på nynorsk og vere på 3500 - 4000 ord.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

 

Vurderingssemester

Haust. Der er og vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 650 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium