Emner: PEDA122 Lærarprofesjonen, skolen og samfunnet - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane skal oppnå forståing for skulen som samfunnsinstitusjon og læraren si rolle som profesjonell yrkesutøvar i skulen. Sentrale element i emnet sitt innhald er skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon, profesjonell utvikling og yrkesetikk, og kunnskapsutvikling i og om skulen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten ..

*viser kunnskap om skulen som organisasjon og samspelet mellom dei ulike aktørane i og omkring organisasjonen

*viser kunnskap om skulen som samfunnsinstitusjon

*viser kunnskap om ulike yrkesetiske perspektiv i lærarprofesjonen og korleis desse vert uttrykt i styringsdokument for skulen

*viser kunnskap om ulike måtar å undersøke opplæring, utvikling og deltaking i klasserommet

 

Ferdigheiter:

Studenten ..

*kan drøfte problemstillingar knytt til utdanning og medborgarskap i lys av praksis, faglitteratur og lovverk

*kan analysere og diskutere ulike profesjonsetiske standpunkt med tanke på eiga yrkesutøving

*nytter informasjon frå ulike typar undersøkingar til å drøfte undervisning og læring

 

Generell kompetanse:

Studenten ..

* deltar i ein fagleg diskusjon knytt til skulen si rolle i samfunnet

*har ei kritisk og undersøkande haldning til utøving av profesjonelt arbeid som

Krav til forkunnskapar

PEDA120 og PEDA121

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert i opne førelesingar og gruppevise seminar. Seminarundervisninga legg vekt på diskusjon. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ein skriftleg presentasjon av ein case knytt til eksamensteksten. Kvar student har tilbod om ein time individuell rettleiing frå seminarleiar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg casebasert semesteroppgåve.

Semesteroppgåva skal svare på ein sjølvvald problemstilling knytt til ein case utarbeidd i praksisperioden. Oppgåva er ein tekst som har blitt bearbeidd gjennom rettleiing og fagfelletilbakemelding gjennom store deler av semesteret. Omfang 3000 ord +/- 10%.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10