Emner: RELV222 Religioner i antikken - Høst 2019
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå.
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten skal gjennom studiet tileigna seg kunnskap om religionen i antikkens Hellas og Roma som går djupare og er meir detaljert enn den ein har fått i RELV105. Vekta ligg på religiøse institusjonar og religiøs praksis i den greske bystaten i klassisk tid og i republikkens Roma, men òg på det religiøse mangfaldet i keisartida.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har solid kunnskap om religiøse ritual, høgtider og dei sosiale, politiske og geografiske kontekstane for religiøse handlingar i antikken
- har kjennskap til dei viktigaste kjeldene til religion i antikken
- har oversyn over endringane i religiøse førestillingar og praksis frå klassisk tid fram til seinantikken
- har evne til å setja kunnskapane om antikkens religionar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand
- har evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar
- har evne til å skriva ein resonnerande tekst
- har evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse:
Studenten
- har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskapar om antikkens religionar tilsvarande RELV105.
Studenten treng gode engelskkunnskapar. Kunnskapar i gresk og latin krevst ikkje, men gjev ein føremon i studiet.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV222 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV322.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt 10 forelesingar à to timar pr veke, totalt 20 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg skoleeksamen på 6 timar
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret (gjentakseksamen).
Litteraturliste
Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no