Dei grunnleggjande spørsmåla i fagdidaktikken handlar om kva skulefaget samfunnskunnskap har vore og kan vera og korleis læraren kan presentera og planleggja innhaldet i faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt.
For det første handlar skulefaget om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette faget.
Undervisninga i emnet skal bidra til å utvikla studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i fag, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleiker og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har gode kunnskapar om:
Dugleiker
Studenten kan:
Generell kompetanse
Studenten kan
Emnet er reservert studentar på integrert lektorutdanning.
Fagdidaktikken skal vere relatert til praksis i skulen.
Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte tidsrom utanom praksisperiodane. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.
Det vil bli gitt ei obligatorisk oppgåve i tilknytning til kortpraksis i 5 semester. Oppgåva vil bli vurdert til godkjend / ikkje godkjend.
2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 er obligatorisk.
Eksamensforma er ein munnleg eksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til praksis.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.
Pensum tilsvarer ca. 300 sider
Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskapelege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen
studieveileder@svfa.uib.no