Emner: SAMPOL103 Faglige tilnærmingsmåter og ideologier i studiet av politikk - Høst 2019




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gjere studentane kjende med faglege og normative tilnærmingar til studiet av politikk.

Første hovudtema, som utgjer størstedelen av kurset, tek opp klassiske og nyare politiske ideologiar med særleg vekt på tilhøvet mellom ideologiar og det demokratiske idealet. Studenten vert her introdusert for liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme og fascisme, samt nyare normativ teori knytt til fordelingsrettferd.

Andre hovudtema, som utgjer ein relativt mindre del av kurset, introduserer den historiske bakgrunnen og utviklinga til samfunnsvitskapane med vekt på det som er relevant for å forstå det statsvitskaplege perspektivet. Emnet tek opp klassiske tema og sentrale tilnærmingsmåtar for å forklare samfunnsliv og politikk, samt sentrale vitskapsteoretiske spørsmål. Det introduserer studenten for ulike syn på kva vitskapeleg forklaring er og har som mål å gjere studenten kjend med ulike metodologiske tilnærmingar.

Kurset skal formidle forståing av tilhøvet mellom vitskapleg forklaring og normative tilnærmingar til samfunnsspørsmål og politikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes gruppepresentasjonar i førelesinga. Kvar seminargruppe blir oppfordra til å halde ein gruppepresentasjon i førelesinga i løpet av semesteret. Dette blir organisert gjennom seminargruppene som studentane deltek i.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 1500 ord. Oppgåva må være godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing

Vurderingsformer

Heimeeksamen 3 dagar, maksimalt 3000 ord.

 

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter gjeldande retningsliner ved UiB og instituttets evalueringsplan.

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Institutt

Institutt for samanliknande politikk