Emner: SDG213 Klimaendringer - årsaker og konsekvenser - Vår 2019
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust.
Mål og innhald
Mål
Emnet gir ei innføring i årsakene til og konsekvensane av klimaendringar. Emnet gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskalaer, samt konsekvensane klimaendringar har for samfunnet i form av auka risiko for flom, skred, ekstremver og stormflo. Emnet vil gi studentane eit utganspunkt for å betre forstå betydinga av FNS bærekraftmål og setja desse i samanheng med den pågåande endringa i klima.
Innhald
Emnet forklarer korleis variasjonar i ulike eksterne pådrag som solinnstråling, vulkansk aktivitet, endringar i drivhusgassar og forureiningspartiklar kan bidra til endringar i klimasystemet. Emnet vil gjennomgå korleis ulike interne tilbakekoplingsmekanismar styrker eller svekkjer graden av klimaendringane. Vidare vil ein gjennomgå kva for konsekvensar klimaendringar har for hyppigheita av flom, skred, ekstremvær og stormflo.
Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre års observerte klimaendringar med tidligare tiders naturlige variasjonar i klima.
Emnet svarer til FNs bærekraftsmål (spesielt SDG13) ved å styrke vår kunnskap om klima og klimarelaterte farar og vil gjere studenten bevisst på konsekvensen av politiske og strategiske val på lokalt, nasjonal og globalt plan.
Emnet består av video-førelesingar, tekst og oppgåver på web i tillegg til tradisjonelle førelesingar og kollokviearbeid, etterfylgt av semesteroppgåver med presentasjon av forskingsresultat.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten ha tilegnet seg følgende kunnskap, evner og kompetanse.
Kunnskap:
Studenten skal kunne
- forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
- forstå dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
- forklare og greie ut om dei grunnleggjande fysiske tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
- gjere greie for betydinga av hav og atmosfære-sirkulasjonen
- forklare korleis klima har variert i fortida og korleis disse endringane har blitt rekonstruert
- forstå betydinga av havets opptak av varme
- gjere greie for effekten av klimaendringar for hyppigheita av ekstreme hendingar slik som flom, skred, ekstremver og stormflo
- forstå konsekvensane av klimaendringar for samfunnet
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- greie ut om klimafølsemd og estimere betydinga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
- greie ut om konsekvensane av klimaendringar og betydinga for samfunnet
- styrke sine ferdigheiter i munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- nytte kritisk tenking og fysiske forståing
- demonstrere interdisiplinær forståing om koplingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jorda igjennom diskusjon.
- Samanfatte koplinga mellom klima, miljø, økonomi, demografi og sosiale relasjonar igjennom å studere effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag er ein fordel.
Det er også en fordel å ha vært student på universitetsnivå i minst ett år.
Studiepoengsreduksjon
GEOF212: 5ECTS, MNF344: 5ECTS
Krav til studierett
Opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av video førelesningar (Massive Open Online kurs; MOOC), klasseroms undervisning og kollokviearbeid.
- MOOC kurs: 20 timer
- Førelesningar: 2 timer i veka i 12 veker
- Kollokvia: 2 timer i veka i 12 veker
I tillegg skal studentane lage en plakat eller en videosnutt av eitt oppgåve/emne tilknytte kurset som skal presenterast på kurset, samt levere og presentere en skriftleg oppgåve / rapport av et valt emne innanfor kurset.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av plakat eller film (A-F), innlevering og presentasjon av skriftleg oppgave / rapport (A-F).
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i semesteret det undervises i.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:- plakat eller film (30%)
- skriftleg oppgave / rapport og presentasjon av oppgava (70%).
- fullført minst 80 % av kursstega og alle test spørsmåla i MOOC kurset ¿Causes of Climate Change (bestått/ikke bestått)
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@geo.uib.no, Tlf 55 58 34 96