Emner: SOS304 Metode - kvalitative tilnærminger - Vår 2019




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal utvikle ei djupare forståing av og større dugleik i bruk av ulike kvalitative tilnærmingar i empirisk sosiologisk arbeid. Det vert lagt vekt på utvikling av forståinga for heile forskingsprosessen frå problemstilling til analyse. Emnet skal også gje ei forståing av kva som er mogleg med omsyn til kombinasjon av ulike metodiske tilnærmingar.

Studentane vil arbeide med produksjon av ulike former for kvalitative data, til dømes gjennom arbeid med intervju, feltarbeid og dokument. Særleg vil dei arbeide med analyse av slike data. Dessutan vert det lagt vekt på grunngjevinga for og kva som er mogleg i ulike metodiske tilnærmingar. Dette vil bli drøfta med utgangspunkt i konkrete forskingsdøme og arbeidet til studentane under kurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne har studenten

Ferdigheter

Etter gjennomført emne kan studenten

Generell kompetanse

Etter avslutta emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesningar, seminar og rettleiing i grupper. Undervisninga er lagt opp rundt studentane sitt arbeid i forskingsgrupper (dei blir delt inn i grupper med 4-6 studentar). Desse gruppene gjennomfører eit kvalitativt forskingsprosjekt frå problemformulering, val av kvalitative metodar, gjennomføring av intervju eller etnografisk feltarbeid, til analyse og utarbeiding av rapport frå arbeidet. Forskingsgruppene presenterer sitt arbeid munnleg i plenum , og i opplegget ligg og trening i å gje tilbakemelding til kvarandre. Studentane får underveis rettleiing frå undervisar. Det datamaterialet gruppa produserer, bruker studentane deretter til å utarbeide et individuelt metodeessay som utgjer 50 % av eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Essay på maks. 4000 ord (tel 50%) og 5 timer skuleeskamen (tel 50%)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no