Emner: SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika - Vår 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Studiet gir innsyn i to til tre ulike emne som gjeld kultur og samfunn i Latin-Amerika. Det kan også verta aktuelt å inkludera emne frå Spania. Kva emne ein vel å fordjupa seg i, vil verta fastlagt av emneansvarleg og vil variera frå år til år.

Studentane skal vinna kunnskap om nokre sentrale tema og problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar, og eventuelt også spansk samfunn og kultur. Dei skal analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar. I tillegg skal dei utvikla evna til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Kandidaten

Generell kompetanse:

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA109.

Studiepoengsreduksjon

 På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA119 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA104 eller med SPLA123H eller med SPLA613.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på førelesingar, gruppeundervisning og konversasjon, og legg derfor til grunn at studentane tar aktivt del i undervisningstilbodet. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker og gruppeundervisning to timar i veka i åtte veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ha ein munnleg presentasjon på 5 minuttar og ein kunnskapstest på 1 time i løpet av semesteret. Begge deler vert gjennomførte i samband med undervisninga, og studentane vil tidleg i semesteret få melding om kva datoar som er aktuelle. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent.

Studentane skal i tillegg møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende for å kunna levera semesteroppgåve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på 2000-2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum (om lag 400 sider) kan vera sett saman av oversynsverk, artiklar og anna fagstoff, og vil variera etter kva tema kurset fokuserer på.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no