Studieprogram: MAMN-ENERG Masterprogram i energi - Høst 2020




Namn på grad

Master i energi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i energi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak)

Mål og innhald

Mål:

Masterprogrammet i energi, gir studenten solid teoretisk basis for å forstå eit breitt spektrum av energirelaterte problemstillingar. Spesialisering både i emne knytt til fornybar energi og energiteknologi er mogeleg.

 

Programmet gir studentane evne til å sette energiforsyning, omforming og bruk inn i eit vidare miljø- og samfunnsmessig perspektiv.

 

Innhald:

Masterprogrammet inneheld nokre felles emne innan energi, utover det vel studenten i stor grad emne som er relevante for det temaet som skal studerast i masteroppgåva.

 

I prosjektarbeid og rettleiing av masteroppgåve, men også i emneundervisning, vert det lagt vekt på å utnytte forskingskompetanse og ekspertise frå universitetet sitt fagmiljø og eksterne fagmiljø innan energi.

 

Programmet skal gi kunnskapar og ferdigheter til å delta aktivt i arbeid innan næringsliv, forsking og forvaltning. Utdanninga har eit metodegrunnlag som gir studenten fleksibilitet og evne til å tilpasse seg ein omskifteleg arbeidsmarknad.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 Kunnskaper:

Kandidaten

- har inngåande, vitskapeleg funderte kunnskaper om fordeler og ulemper med ulike energiressurser og energibruk

- har avansert kunnskap innan eitt eller fleire felt innen fornybar energi eller energiteknologi

- har ein solid basiskunnskap i grunnleggjande fag som matematikk og fysikk som legg eit grunnlag for kontinuerleg oppdatering og utviding av kompetansen innan energiområdet

- har kunnskap om etiske og samfunnsmessige tema knytt til energiomforming og bruk

 

Ferdigheiter

Kandidaten:

- kan bruke moderne metoder innan fagfeltet og har evne til å sette seg inn i nye metodar

- kan, innan sitt spesialfelt, foreta avanserte analyser av til dømes ressurser, nyttbar energi, verknadsgrader, systemverknad, livsløpsverknader og miljøkonsekvenser

- kan planleggje og gjennomføre eitt forskingsprosjekt saman med rettleiar, og med stor grad av sjølvstende

- har evne til å sette seg inn i tilgrensande fagområde og samarbeide med spesialistar innan deira fagområde

 

Generell kompetanse

Kandidaten:

- kan skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god naturvitskapeleg og teknologisk praksis

- kan setje fram og teste hypotesar og trekkje slutningar av eige arbeid med referansar til vitskapeleg litteratur

- kan kritisk vurdere nye idear innan energiområdet, og sjølv bidra til utvikling av nye løysingar

- kan analysere og reflektere over aktuelle etiske problemstillingar knytt til energiomforming og bruk.

- demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

- kan formidle problemstillingar og resultat både til spesialister og allmenheiten

 

Opptakskrav

Masterprogrammet i energi byggjer på ein relevant bachelorgrad i naturvitskap/realfag/ ingeniørfag eller tilsvarande. Du må ha emnet MAT111 "Grunnkurs i matematikk", eller matematikk 1+2+3 (valfag matematikk) eller tilsvarande. I tillegg må du ha eitt av emna PHYS113 "Mekanikk 2 og termodynamikk" eller KJEM210 "Kjemisk termodynamikk" eller tilsvarande. For studentar som søker temagruppe elkraftteknikk kan det gjerast unntak frå kravet om termodynamikk. 

Du kan få opptak i ei eller fleire av temagruppene avhengig av forkunnskapar: 

Temagruppe 1) Geofysikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i meteorologi, oseanografi, fysikk eller relevante ingeniørfag (marin eller energi). Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes vindenergi, havenergi, vasskraft, globale energiutfordringar og miljøkonsekvensar av fornybar energi. 

Temagruppe 2) Matematikk, fysikk og informatikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i matematikk, fysikk, geofysikk, berekningsvitskap eller informatikk. Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes havenergi, geotermisk energi og lagring, energi-analyse og optimering, solceller, regnceller, batteriteknologi og sikkerhet i energiproduksjon. 

Temagruppe 3) Kjemi og miljø:  

Du må ha ein bachelorgrad i kjemi, nanoteknologi eller relevante ingeniørfag (kjemi, biokjemi, energi). Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes bioenergi, solceller, materialar for energibruk og batteriar.  

Temagruppe 4) Termiske maskiner og Sikkerhet i energiproduksjon:  

Du må ha ein bachelorgrad i relevante ingeniørfag (maskin, marin, energi, kjemi prosessteknologi). Du kan gjennomføre masteroppgåver knytt til termiske maskiner og sikkerhet i energiproduksjon. 

Temagruppe 5) Elkraftteknikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i elkraftteknikk eller tilsvarande. Du kan gjennomføre masteroppgåver knytt til el-kraftsystemer. 

Berekning av karaktersnitt 

Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget, og tilgjengelege plassar i den enkelte temagruppa. 

Karaktersnitt regnes på grunnlag av hele graden. 

Du må også ha: 

Tilrådde forkunnskapar

For dei ulike masteroppgåvene i temagruppene kan obligatoriske emne og tilrådde forkunnskaper variere. Rettleiing om dette gis ved semesterstart.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve.

Emna ENERGI200 og ENERGI210 er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

 

4. semester: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

3. semster: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

2. semseter: ENERGI210, val, val

1. semester: ENERGI200, Val, Val

 

ENERGI399 Masteroppgåve i energi er på 60 studiepoeng. [Studenten kan i samråd med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande]. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 1. juni eller 20. november.

 

For studentar i elkraftteknikk er studieplanen som følgjer:

4. semester: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

3. semster: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

2. semester: ENERGI210, MET207, MET205, MET202
1. semester: ENERGI200, MET201, MET203, MET206

MET emna tek ein ved Høgskulen på Vestlandet. ENERGI emna tek ein ved Universitetet i Bergen

 

For studentar i elkraftteknikk er studieplanen som følgjer frå og med hausten 2020:

4. semester: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

3. semster: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

2. semester: ENERGI210, MET207, MET205, MET202
1. semester: ENERGI200, MET503, MET504

MET emna tek ein ved Høgskulen på Vestlandet. ENERGI emna tek ein ved Universitetet i Bergen

 

 

 

For studentar i termiske maskiner er studieplanen som følgjer:

4. semester: Oppgåve, oppgåve, oppgåve

3. semester: MOE252*, MOE251*

2. semseter: ENERGI210, MOE250*, MOE220*
1. semester: ENERGI200, PTEK202, MOB250*

* emna tek ein ved Høgskulen på Vestlandet. ENERGI220 og PTEK202 tek ein ved Universitetet i Bergen

Tilrådde valemne

Det er utarbeida eige materiale med informasjon om tilrådde emne for dei ulike tema.

Rekkefølgje for emne i studiet

Det vil berre vere oppstart om hausten, og rekkefylgja vil difor vere gitt av dei aktuelle emna kvart semester.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Delstudium i utlandet

Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer, avhengig av tema, i form av førelesningar, rekneøvingar, laboratoriekurs med journal, seminar og ekskursjon. Detaljar om emna finn du i emneskildringa.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, innleverte rapportar og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet vert omtala i emneskildringa.

Studiet vert avslutta med munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emneskildringa.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden og masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Fornybar energi og nye energiteknologiar er i rask utvikling og vil bidra til å endre energisystema. Elektrifisering av energitjenester og hausting av energi frå nye fornybare energikjelder, spesielt sol og vind, gir nye moglegheiter for utvikling av ny teknologi og nye tenester som blir tilbydd i marknaden. Energilagring og systemkunnskap blir viktig. Grunnleggjande kompetanse innan energifeltet vil difor vere nødvendig for å kunne forholde seg til endringane som skjer. Studentane vil vere etterspurde i næringsliv og offentleg verksemd så vel som forskingsinstitutt og akademia. 

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: energimaster@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04